Sogelaget frir til strandarane

- Vi treng gode historiar

Stranda sogelag går ut og frir til strandarane om å kome med bidrag til årets Bygdeminne. Frå venstre: Harald Lied, redaktør for Bygdeminne, leiar Jens Arne Hessegjerde, styremedlem Fredmøy Wollen og styremedlem Inge Bjørdal.  Foto: Renate Furre Henriksen-Sandvær

Nyhende

Stranda sogelag gir kvart år ut Bygdeminne, og går no ut og frir til strandarane om å kome med gode historiar frå og om Stranda.

- Vi inviterar skribentar og historieinteresserte om å levere stoff til Bygdeminne 2020. Har du ein god historie frå eitt av dei fire bygdelaga i Stranda eller historie som omhandlar Stranda og strandarar er du hjarteleg velkommen til å sende dette til oss, seier redaktør for Bygdeminne Harald Lied.

Lied gir ein liten forsmak på Bygdeminne 2020:

- Vi kjem til å ha med ei historie om skogsdrift, som eg sjølv har skrive, seier han.

- Det som er viktig for oss, er at alle bygdelaga er representerte i Bygdeminne. Det er ei bygdebok for heile kommunen, så vi ønsker at alle er representerte. Både jårångarar, sunnylvingar, liabygdarar og strandarar er velkomne til å skrive inn til oss, seier Lied som ikkje gir nokre føringar på kva ein skriv om.

- Nei, det vil eg ikkje gjere. Det som er viktig for oss er at det er historiske forteljingar frå Stranda. I siste Bygdeminne hadde vi mellom anna historia om pizzaeventyret, så det treng ikkje vere veldig langt tilbake i tid. Og om ein òg legg med ein snutt om forfattaren av historia og gjerne legg med bilete, då blir vi veldig glade, seier han.

Fristen for å levere, er sett til 1. mai.

I Sunnmøringen sin redaksjon er det stor glede og forventning når vi får Bygdeminne i hus kvart år, kva vi meinte om Bygdeminne 2019 står å lese her:


Bokmelding

Bygdeminne 2019