God deltaking trass varierande vêr

Alperittet i jubileumsutgåve

Jubileumsutgåva av Alperittet vart gjennomført under skiftande og til dels krevande forhold.

Løperane ventar på å kome seg opp med gondolheisa.  Foto: Eivind Louis Helset

Nyhende

Kreditering: Sunnmøringen


Det var delt ut 140 startnummer fordelt på disiplinane alpint, telemark og snøbrett. På grunn av vêrforhold var starten flytta lenger ned i løypa til Vindgjerdet. Det gav ei løype på om lag 1,5 kilometer. På toppen av Roalden blåste det godt før start, men også lenger nedover i løypa var vinden merkbar. Før løpet kom i gang sende arrangørane utfor prøveløparar. Tilbakemeldinga frå dei var at det var tung snø, dårleg sikt og vanskelege forhold.