- Ein totalt uhaldbar situasjon

Rv 15 Strynefjellsvegen har vore stengt minst 13 gongar så langt i vinter. Bildet er frå strekninga som er mest utsett for snøføyke, Breiddalen ved inngangen til Oppljostunnelen.   Foto: FOTO: GUNNHILD SINDRE

Nyhende

(Fjordingen): Rv 15 Strynefjellsvegen var i helga stengt igjen. Vegen vart stengt fredag, laurdag var det ei periode med kolonnekøyring før vegen vart stengt igjen på ettermiddagen. Natt til søndag og søndag føremiddag var det stengt igjen. Dermed vart det ei ny helg der trafikken måtte gå om Romsdalen.

- Ein heilt uhaldbar situasjon, seier Svein Sunde i Gode vegar AS.

- Dette skaper ein umogeleg konkurransesituasjon for nærlingslivet, både transportnæringa og kollektivtransporten.

Ny, lang tunnel frå Skåre til Breiddalen vil løyse mykje av problema når det gjeld Rv 15 Strynefjellsvegen. Dette vil eliminere verste verstrekninga samstundes som ein kjem unna dei rasfarlege strekningene.

- Regjeringa Solberg vedtok i juni 2018 denne nye tunnelen. No må det løyvast pengar til å gjennomføre bygginga snarast mogeleg, seier Svein Sunde.

Saka vart først publisert av Fjordingen.