Koronaviruset - råd frå kommuneoverlegen på Stranda

- Enkle råd kan førebyggje smitte

Influensasesongen er i gong  Foto: Illustrasjonfoto: Colourbox

Nyhende

Torsdag ettermiddag er det stadfesta to tilfeller av koronasmitta i Møre og Romsdal.

Kommuneoverlege i Stranda kommune, Arne Gotteberg, fortel i ei pressemelding at ein kan førebygge smitte med enkle grep:

- Bruk papirlommetrøkle framfor munn og nase når du hostar eller nys. Bruk olbogekroken når du må hoste og nyse om du ikkje har papirlommetørkle. Vask hendene grundig og ofte, og bruk handdesinfiserande om du er på reise og ikkje har tilgang til handvask, seier han.

Folkehelseinstituttet har oppretta ein informasjonstelefon om koronaviruset, og telefonnummeret er 815 55 015.

Oppdatert infomasjon finn ein på Folkehelseinstituttet si heimeside om koronaviruset: Folkehelseinstituttet korona-temaside

Om du mistenker at du er smitta

- Om du dei siste fjorten dagane har fått symptom på luftvegsinfeksjon etter opphald i Hubei-provinsen/Wuhan by i Kina eller hatt nærkontakt med personar som har fått påvist koronaviruset, så ring Stranda legekontor på telefon 70 26 81 20 (frå 0830 - 1530) legevaktstelefonen (døgnbemanna) på telefon 116 117 og fortel at du kan vere smitta, seier Gottenberg.

Stranda legekontor har sett igong fleire smitteverntiltak på kontoret. Ein skal unngå å møte direkte opp på venterommet til legekontoret i slike høve.

Rådet gjeld òg om du har vore i Nord-Italia eller Iran, der det er større utbrot.

- Legekontoret har lagt planar for å på kort varsel opprette eit eiga influensamottak, med annan inngang og venterom enn det vanlege, seier Gottenberg.