Søkjer støtte til industriutstilling

Industriutstilling: Helge Søvik og Reidar Lunde syner fram lokalet som er planlagd å huse utstillinga, i tredje etasje i P.I.-bygget.  Foto: Renate Furre Henriksen-Sandvær

Nyhende

Stiftinga som held på med å få på plass ei utstilling om Stranda si industrihistorie, har søkt Stranda kommune om støtte til tiltaket.

Totalt har prosjektet ei kostnadsramme på 1, 4 millionar kroner.

- Prosjektet er omfatta av betydeleg interesse, òg utanfor kommunen. Vi har møtt stor velvilje frå næringslivet, finansinstitusjonar, organisasjonar og privatpersonar, skriv Reidar Lunde og Helge Søvik i søknaden til Stranda kommune.

I søknaden om støtte, ber dei om refusjon for årleg leige av lokalet rekna frå 1. januar 2022 med fem tusen kronar månaden fråtrekt moms og regulert årleg i tråd med endringar i konsumprisindeksen.

I tillegg søkjer stiftinga om eit starttilskott frå Stranda kommune på 300.000 kroner.

Industriutstillinga skal etter planen romme nær 600 kvadratmeter med både fysiske objekt og audiovisuelle utstillingar - frå bygda fekk sin eigen bank i 1848 via JB Langlo si straumutbygging i Sotrelva og sjølvsagt P.I. Langlo sine møblar, spekematen både på Stranda og i Hellesylt og pizzaeventyret.

Mellom anna. Industriutstillinga skal venteleg bli ein del av Stranda sitt bidrag til Designvegen, som syner fram næringsverksemd frå Stryn til Sykkylven langs FV60.