Gravesøknadar sendt til kommunen

Fiber til Sunnylven

Telenor klare til å bygge ut fiber på Hellesylt

Kart som syner kvar Telenor skal bygge ut fiber(grøne områder).  Foto: Telenor

Nyhende

Det er Eltel Networks som på vegner av Telenor skal stå for utbygginga på Hellesylt. Dei søker kommunen om gravetillating knytt til utbygginga. Der det ikkje er mogleg å nytte seg av eksisterande stolpar skal det gravast, grøftast og settast ned kummar. Gravearbeidet skal skje både i sentrum og i dalen.

John-Niklas Handberg, utviklingsansvarleg i Telenor seier til Sunnmøringen at det no blir utbygging i alle område i Sunnylven. Det står att berre formalitetar mellom Stranda Energi og Telenor for å kunne bruke Stranda energi sine fiberrøyrr utover i Nibbedalen.

Telenor sette som utgangspunkt at 70 prosent av innbyggarane melde seg på for å starte utbygging. Det målet har dei nådd i alle dekningsområda.

– Men det er enno ikkje for seint å melde seg på for å få fiber, seier Handberg.

Søknadane er til handsaming i Stranda kommune,

Fiberutbygginga skal vere ferdig innan utgangen av 2020 opplyser Telenor.