Stranda bur seg på nullutsleppskrav i fjorden

Idémyldring om framtida

-Miljø i verdsarvfjorden handlar om meir enn forureining. Det handlar også om korleis bygdesamfunna langs fjorden skal utvikle seg.

Mange bitar i «Det store bildet», prosjektet som Stranda kommune har bede Ålesund Kunnskapspark (ÅKP) om hjelp til. Frå venstre: Prosjektleiar Tom Christian Dahl, ÅKP, ordførar Jan Ove Tryggestad, rådmann Åse Elin Hole kommunalsjef plan- og utvikling, Einar Lied og prosjektleiar Oddbjørn Hatløy, ÅKP  Foto: Johan Behrentz

Nyhende

Det seier ordførar Jan Ove Tryggestad etter den store idémyldringa om korleis ein skal møte konsekvensane av kravet om 0-utslepp frå skipstrafikken i mellom anna Geirangerfjorden. Stortinget har vedtatt at cruiseskip og ferjer skal sigle utsleppsfrie i verdsarvfjordane så snart som mogleg, og seinast innan 2026. Dette vil få konsekvensar for Stranda.