Samrøystes uttale frå kommunestyret til fylket

- Revurder kutta

Nyhende

Eit samrøystes kommunestyre vedtok onsdag ettermiddag ei uttale til Møre og Romsdal fylkeskommune. Bakgrunnen for uttalen er det store overskotet fylket fekk i 2019, som vart rundt 280 millionar betre enn prognosane antyda i oktober.

- Kutta for Stranda vidaregåande skule i samband med budsjett 2020 (mellom anna VG2 Helsefag red. anm) var svært uheldig for ungdommane i vår kommune og for regionen, seier kommunestyret i uttalen.

Dei ber om at fylket går vekk i frå kutta som vart gjort i budsjettvedtaket i desember.

Vidare ber kommunestyret om at takstauken på to takstar som vart innført frå nyttår, blir reversert.

- Med bakgrunn i det svært store overskotet til fylket, ber kommunestyret i Stranda om at dei to takstsonane for ferjedrifta her i fylket vert kutta snarast råd, seier kommunestyret.