Låg arbeidsgjevaravgift

Vil løfte indre Sunnmøre

- Nedgangen i folketalet både i Stranda og Sykkylven er alvorleg. Lik og låg arbeidsgjevaravgift vil gi ein "boost" for ein felles kommune.

Sykkylven (bilete frå Ekornes) har etter ordføraren i Stranda si meining ei altfor høg arbeidsgjevaravgift. -Kommunen har eit sårbart næringsliv, seier Jan Ove Tryggestad.  Foto: Johan Behrentz

Nyhende

Det meiner ordførar Jan Ove Tryggestad i Stranda (Sp). Samtalane om samanslåing av dei to kommunane er sett på vent inntil ein får sjå resultatet av differensiert arbeidsgjevaravgift, som skal reviderast innan utgangen av dette året. Dersom ein storkommune av Stranda og Sykkylven skal få ein felles høg sats vil det neppe bli aktuelt å slå dei to kommunane saman.