Nytt ferjekøyr mot Helleland

– Inga enkel løysing

Distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland (H) under den muntlige spørretimen i Stortinget onsdag. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix  Foto: Gorm Kallestad

Nyhende

Distriktsminister Linda Hofstad Helleland (H) kunne onsdag ikkje svare på når ho eventuelt vil gjere det mogleg for norske ferjefylke å setje ned prisane.

Arbeidarpartiets stortingsrepresentant Eirik Sivertsen viste til at Helleland nyleg var på ferjeturné i Møre og Romsdal, men at det førebels ikkje har kome konkrete grep frå regjeringa for å få ned ferjetakstane.

– Vil statsråden sørgje for at det blir mogleg for fylkeskommunane å setje ferjetakstane ned, og når blir det mogleg for fylka å gjere det? spurde han.

Helleland viste til eit møte ho og fleire statsrådar hadde med ferjefylka denne veka for å diskutere dei omfattande protestane i fleire fylke mot auka ferjeprisar.

– I møtet med fylka kom ikkje vi med nokon løfte om ei løysing. For det er inga enkel løysing på dette, sa Helleland i Stortinget.

– Vi har ein god dialog, og vi har starta arbeidet saman for å hjelpe pendlarane, slo ho fast.

– Eg har ikkje noko svar i dag, fordi vi er i gang med eit felles arbeid, konstaterte statsråden.