Cruisesesongen 2020 startar allereie i mars.

Cruisebåt i mars

I mars legg det heilt nye skipet «Le Bellot» ut på sin jomfrutur. Skipet skal mellom anna til Geiranger 23. mars.

Cruisebåtsesongen 2020 startar tidleg. Allereie 23. mars er det fyrste skipet venta.  Foto: Renate Furre Henriksen-Sandvær

Nyhende

Ekspedisjonsskip

Det femte luksusskipet frå cruiserederiet Ponant kjem til fjorden ti gongar til i løpet av sommaren. Skipet er 131 meter langt og har plass til 184 turistar i 94 kabinar. Skipet er ferdigstilt av Vard Søviknes som eit av fire isgåande skip til cruiserederiet Ponant. og altså ferdigstilt i 2020.