August kjem med nye cruisebåtar

Cruisebåtar i august

I august er det totalt 41 anløp og 25 ulike skip.

  Foto: Renate Furre Henriksen-Sandvær (Arkiv)

Nyhende

Det er «Costa Fascinosa» som tek turen til våre fjordar oftast i august. Fem gongar kjem skipet med dei gule pipene på besøk. «AIDAsol», «Iona» og «Le Bellot» har alle 4 anløp i løpet av månaden. I august kjem også det minste skipet for året. Cruisebåten var opprinneleg bilferge og bygt i 1964. Etter ombygging tek den 50 passasjerar og det er 39 ansatte om bord. Båten er 72 meter lang.