Våren kom med vårmånaden mars og etterlet seg ein våt og varm vinter.

Varm og våt vinter

Februar månad var veldig nedbørsrik med heile 250-300 prosent av normalen (1961-1990) i Stranda kommune. Lufttemperaturen var mellom to og tre grader høgre enn normalen.
Nyhende

Middeltemperaturen på målestasjonen på Roald var i februar -4,5, med -10,6 grader som lågaste temperaturen målt 25. februar. I februar var 5,3 grader målt som høgaste temperatur 7. februar. Berre eit av døgna i februar var temperaturen ikkje under 0 på Roald. Roald målestasjon registrerer ikkje nedbør, men det gjer Åkerneset målestasjon.