Ferske tal viser vekst i ferjetrafikken

Kraftig auke

Nye tal frå Møre og Romsdal fylkeskommune syner stor auke i ferjetrafikken på strekningane Stranda-Liabygda og Eidsdal-Linge.

Stor auke både på STranda-Liabygda og Eidsdal-Linge. Arkivfoto 

Nyhende

Januartala syner ei auke på 11,6 prosent i talet på passasjerar og 7,4 prosent auke i talet på køyretøy på Stranda- Liabygda. Totalt var det 8.000 passasjerar og 11.000 køyretøy som vart transportert over fjorden.

På strekninga Eidsdal-Linge er auka enda større. Passasjertrafikken auka med nesten 20 prosent og det var over 4.500 reisande med ferja. Talet på køyretøy auka med over ti prosent og det var totalt meir enn 7.200 køyretøy som reiste med ferja i januar.

Nedgang i fylket

Elles i fylket er det nedgang på dei aller fleste ferjestrekningane. Det var ein nedgang på 7,4 prosent i talet på passasjerar og ein nedgang på 2,1 prosent i talet på køyretøy i januar. Fylkeskommunen presiserer at grunna innføring av autopass på strekninga Volda-Folkestad manglar talet på passasjerar her. Det talet var nesten 30.000 i 2019.