Mållaget med språkrefs til Visit Norway

Geirangerfjorden er presentert på bokmål på Visit Norway si heimeside. Mållaget reagerer.  Foto: Arkivfoto: Johan Behrentz

Nyhende


Noregs Mållag meiner det er kritikkverdig at Visit Norway marknadsfører kjende reisemål i nynorskområde på bokmål.

Dette gjeld mellom anna presentasjonen av verdarvområdet Geirangerfjorden.

Men, logisk nok: Det gjeld ikkje Ivar Aasen-tunet i Hovdebygda

– Sidan Visit Norway er eigd av staten via Næringsdepartementet og Innovasjon Noreg, bør vi kunna forventa at det vert reklamert både på bokmål og nynorsk. I dag brukar Visit Norway bokmål, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag, i ei pressemelding.

Han peikar på at Visit Norway i 2017 lova at dei skulle vurdera om dei skulle ta i bruk nynorsk, utan at det har skjedd noko særleg.

– Mitt inntrykk er at Visit Norway vil halda nynorsken på ei armlengdes avstand, og at dei i praksis ser på «norsk» som eigentleg berre bokmål, seier Aasbrenn.

Han meiner dette bryt med mållova som seier at det skal vera ei rimeleg fordeling mellom målformene i informasjonstilfang som er eigde av statsorgan. Mållagsleiaren peikar også på at mange av dei mest kjende reisemåla i Noreg ligg i nynorskområde.

– Visit Norway greier å gje informasjonen sin på fjorten andre språk. På nettsidene presenterer dei stoffet sitt på britisk og amerikansk engelsk, dansk, fransk tysk, italiensk, nederlandsk, kinesisk, polsk, brasiliansk, portugisisk, spansk, japansk og svensk. Då burde det vera innanfor rekkjevidd å bruka nynorsk også, seier Magne Aasbrenn.

Dersom nynorsk-boikotten frå Visit-Norway held fram, vil Noregs Mållag leggja saka fram for næringsminister Iselin Nybø.