Snøskredfaren auker onsdag

Nyhende

Varsom.no går ut med auka farevarsel for snøskred onsdag. Farenivået går opp frå to til tre - altså betydeleg snøskredfare.

- Nedbør og vind vil danne ferske fokksnølag i leheng mot nordaust. Det vil vere lettast å løyse ut skred der fokksnøen er mjuk eller tynn, skriv varsom.no.

Det er nedbør og sterk vestleg vind som gjer at skredfaren auker.

- Eldre snødekke er på det jamne meir stabilt, men ver merksam på ferske fokksnøflak i nordaustvendte heng. Fukt i snødekket vil hjelpe å ta ut spenningane i dei ferske flaka, og gjere at stabiliseringa går raskare, skriv varsom.no i skredvarselet.