Korona-viruset sprer seg

- Kall inn formannskapet til ekstraordinært møte

Frp: Frank Sve, gruppeleiar Stranda Framstegsparti.  Foto: Renate Furre Henriksen-Sandvær

Nyhende

Frank Sve (Frp) ber om eit ekstraordinært formannskapsmøte torsdag, for å få ei orientering om kva smittevernplanar Stranda kommune har.

- Stranda kommune framfor nokon kommune i Møre og Romsdal. Vi er ein av dei største matkommunane i Noreg, samt ein av dei av dei største reiselivskommunane. Vi har ikkje kontroll over kor mange turistar som kjem inn i kommunen, seier Sve.

Han etterlyser no ei orientering til formannskapet om saka, i eit ekstraordinært møte torsdag. Rådmann og ordførar er kontakta om saka.

- Vi har eit ordinært formannskapsmøte måndag, men eg meiner at slik situasjonen no er kan ikkje dette vente, seier Sve.

- Vi må få informasjon om kva planar som eksisterer og korleis ein har tenkt å handtere situasjonen. Kva skjer når cruisesesongen starter, skal ein sleppe fem tusen passasjerer i land med potensiell smitte. Det har ikkje Stranda kommune kapasitet til å handtere, seier Sve - som stiller seg kritisk til at Grøn Fjord fekk gå av stabelen som planlagd.

- Formannskapet må få vite planane og innbyggarane i Stranda må få vite planane. Vi er veldig sårbare med dei næringene vi har, seier han.

- Det kan vere eit telefonmøte. Men det viktigaste er at vi får informasjon, seier Sve.