Nye tal frå NAV ute

Auke i sjukefråværet

Sjukefråværet i Møre og Romsdal auka frå 5,4 prosent (4. kvartal 2018) til 5,7 prosent (4. kvartal 2019).

Stranda: Høgare sjukefråvær enn for eit år sidan. Arkivfoto  Foto: Heidi-Beate Henningsen

Nyhende

– Dette er litt høgare enn det samla legemelde sjukefråværet for heile landet på 5,3 prosent, seier Stein Veland, direktør for NAV Møre og Romsdal i ei pressemelding.

Sjukefråværet føl ei føreseieleg kurve der det i 3. kvartal er minst sjukefråvær og i 1. kvartal er mest sjukefråvær. 3. kvartal 2019 var også høgare enn same periode året før.

I fylket er det Sunndal (4 prosent) som har minst og Vanylven (6,9 prosent) som har mest sjukefråvær.

Stranda kommune ligg midt mellom lands- og fylkessnittet. Sidan 4. kvartal 2018 har sjukefråveret auka frå 4,9 prosent til 5,5 prosent i 4. kvartal 2019. Dei siste fem åra har Stranda hatt lågare sjukefråvær enn 5 prosent.

I Sykkylven var sjukefråværet i 4, kvartal 2019 på 6,2 prosent medan det i dei to kommunane i Fjord, Nordal og Stordal, var eit sjukefråvær på høvesvis 5,4 og 6,0 prosent.