Pressekonferanse om smittesituasjonen i fylket

Helse Møre og Romsdal HF informerer

Kreditering: Sunnmørsposten

Nyhende

I samarbeid med Sunnmørsposten, strømmer Sunnmøringen direkte pressekonferansen til Helse Møre og Romsdal som vert heldt torsdag ettermiddag klokka 1700.

Beredskapsnivået i Helse Møre og Romsdal er no på gult nivå.

Gul beredskap blir etablert når det har oppstått ein uavklart situasjon eller det er stor fare for at ein uønska alvorleg hendelse kan inntreffe.

- I noverande situasjon vil sjukehusa potensielt få stor belasting av smitteførande pasientar med isoleringsbehov i ei eining. Det er då fare for at dei ordinære ressursene ikkje strekk til. Derfor hevar vi beredskapsnivået for å vere i betre stand til å planlegge for dette, seier administrerende direktør Øyvind Bakke i Helse Møre og Romsdal HF.