Gudstenestene avlyst

  Foto: Eivind Louis Helset

Nyhende

Alle gudstenester i området til Storfjorden kyrkjelege fellesråd blir avlyste fram til 26. mars.

- Dette gjeld i første omgang, seier kyrkjeverge Petra Riste Synnes.

Dåp, vigslar og gravferder blir gjennomførte. Då med avgrensingar.

- Dåp vert gjennomført etter avtale mellom dåpsforeldre og prest. Gravferder vert gjennomført "i stillhet" med nærmaste pårørande. Vigslar blir gjennomførte med få menneske tilstades i kyrkja. Brudepar blir kontakta med nærmare informasjon, seier Synnes.

Innan 18. mars vil prost Svein Runde kome med ei avklaring om korleis ein skal avvikle konfirmasjonane, og konfirmantansvarleg Martin Kristoffersen vil ta kontakt for å informere konfirmantar og foreldre.

Alle aktivitetar rundt trusopplæring, konfirmasjonsundervising, songkveld, babysong med vidare blir avlyst.. Det same blir fasteaksjonen.

Andaktar på institusjonane går ut.

Om nokon treng å snakke med prestane i sokna, så er dei tilgjengelege på telefon.

Sokneprest Morten Gravdal i Norddal: 90 16 27 59

Vikarprest Kjell Roger Isene for Stranda, Sunnylven og Liabygda sokn: 48 14 26 85

Sokneprest Øystein Bråten i Stordal: 90 75 98 18