Oppmoding frå Fjord1

- Hald deg i køyretøyet

Nyhende

Fjord1 går fredag ettermiddag ut med ei oppmoding til ferjepassasjerane om å halde seg i bilen ved overfart.

– Vi ønsker å avgrense smittefaren av koronaviruset på våre ferjer. I samband med dette, ber vi alle våre passasjerar følge førebyggande råd på reise som Folkehelseinstituttet har forma ut, skriv Fjord1 i ei pressemelding.

– Vi oppmodar alle passasjerar som kjem med bil eller buss om å halde seg i køyretøyet under overfarten. Forlat berre køyretøyet om det er heilt naudsynt. Takk for at de viser omsyn, seier Fjord1.