EU-kontroll vert utsett i to månader

Nyhende

Statens vegvesen opplyser søndag ettermiddag at alle bilistar som ha frist for EU-kontroll i tidsrommet 13. mars til 30. april i år vil få fristen utsett med to månader. Dette skjer automatisk

Det gjeld om lag 187 000 køyretøy.

Vegvesenet oppmoder likevel dei som kan få gjennomført EU-kontroll på ein trygg måte, om å gjere dette.

- Vi risikerer at det kan bli ei opphoping og eit press på dei som skal godkjenne bilane om alle venter. Om du har moglegheit til å få bilen din godkjend i vekene framover med dei forholdsreglane helsemyndigheitene har gitt er vår oppmoding at du gjer det, seier direktør i Statens vegvesen Bodil Dreyer.

Alle vegvesenet sine trafikkstasjonar er stengd fram til 26. mars.