Både riksferjene og fylkesferjene omfatta av ny ordning

No stopper manuell billettering

  Foto: Eivind Louis Helset

Nyhende

Møre og Romsdal fylkeskommune melder søndag ettermiddag at det ikkje skal vere manuell betaling på fylkesvegferjene frå dags dato (søndag 15. mars) til og med 22. mars.

Dette for å hindre smittespreiing.

Det gleld mellom anna på Aursnes-Magerholm, Stranda-Liabygda og Eidsdal-Linge i vårt område.

På fylkesvegferjene er det per no mest aktuelt med ei løysing med automatisk skiltlesing, skriv fylket i ei pressemelding.

Statens vegvesen vedtok tidlegare søndag ettermiddag at manuell billettering på riksvegferjene skulle stanse frå søndag 15. mars fram til 22. mars.

I Møre og Romsdal og Vestland er følgande strekningar riksvegsamband:

  • Rv. 651 Volda – Folkestad (Norled)
  • E39 Solevåg – Festøy (Norled)
  • E39 Molde – Vestnes (Fjord1)
  • E39 Anda-Lote (Fjord1)