Statsministeren held pressekonferanse for barn

Forklarar viruset for born

Skular og barnehagar held stengt. Mange born har mange spørsmål om koronaviruset Covid-19.

Held pressekonferanse for born.  Foto: Statsministerens kontor

Nyhende

I dag klokka 10.30 held statsminister Erna Solberg, barneminister Kjell Ingolf Ropstad og kunnskapsminister Guri Melby ein eigen pressekonferanse retta mot born.

Regjeringa arrangerer pressekonferansen i samarbeid med NRK Supernytt og Aftenposten Junior.

Solberg, Ropstad og Melby vil svare på spørsmål sendt inn til dei to redaksjonane, skriv regjeringa på sine nettsider.

Pressekonferansen er ikkje open for vaksne journalistar.



Dersom spelaren ikkje fungerar kan du sjå pressekonferasen her