Her er krisetiltaka Stortinget vart samde om

  Foto: Colourbox.com

Nyhende

Alle parti på Stortinget er samde om ei rekkje tiltak for å sikre bedrifter og arbeidstakarar som blir ramma av koronakrisa.

* Folk som er permitterte, blir full sikra lønn inntil 6G i minimum 20 dagar frå permisjon. Staten dekkjer dette frå dag 3 til 20.

* Etter permisjonsperioden skal personar sikrast ei inntekt på minimum 80 prosent av dagpengegrunnlaget opp til 3G og 62,4 prosent av dagpengegrunnlaget mellom 3G og 6G etter. Inntektsgrensa for å ha rett til dagpengar blir redusert til 0,75G

* Ei ny ordning for frilansarar og sjølvstendig næringsdrivande sikrar 80 prosent av gjennomsnittsinntekta for dei siste tre åra, avgrensa oppover til 6G. Dei skal òg sikrast sjukepengar frå dag 4 og omsorgspengar frå dag 4.

* Lærlingar som mistar lærlingplassen på grunn av virusutbrotet, skal sikrast ei inntekt på same nivå som lærlinglønna.

* Arbeidsgivarar må berre betale 3 dagar av sjukepengar og omsorgspengar. Talet på dagar ein kan få omsorgspengar, blir dobla.

* Bedrifter får utsett frist for betaling av meirverdiavgift og forskotsskatt. Begge forfell i utgangspunktet 15. april.

* Den låge momssatsen blir redusert til 8 prosent.

* Private flyplassar, som Torp og Haugesund, skal kompenserast for bortfall av lufthamnavgifter.

* For dei som får sosiale ytingar, blir aktivitetskravet lagt på is inntil vidare.

* Folk som får arbeidsavklaringspengar og andre tidsavgrensa ytingar, får forlengt perioden dei kan få ytinga.