Ingen stadfesta smitta i Stranda

Tek debatten: OrdførarJan Ove Tryggestad (Sp) ønsker debatten om fråflytting velkommen, men påpeiker at kommunen allereie har fleire tiltak mot fråflytting – deriblant eit godt samarbeid mellom næringsliv og skule. arkivfoto  Foto: Johan Behrentz

Nyhende

– Det er ingen som er stadfesta smitta av koronaviruset i Stranda kommune, seier ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) til Sunnmøringen klokka halv eitt måndag ettermiddag.

Han sit sjølv i karantene etter dei nye fråsegnene til Helsedirektoratet, der alle som kom heim frå utanlandsopphald eller hadde kontakt med menneske som har reist i land med utbreidd smitte vart pålagt karantene med tilbakeverkande kraft frå og med 27. februar.

– Det er for meg heilt uproblematisk. Eg er ein del av kriseleiinga og følger denne på telefon og via data, seier han.

– Stort sett er tilbakemeldingane til meg at folk overheld karantene-bestemmingane og reglane som no gjeld, seier Tryggestad.

Sunnmøringen har fått fleire førespurnader om at ein matbutikk på Stranda hadde tilsette som hadde vore på utanlandsopphald, og ikkje sat i karantene i tråd med dei nye reglane.

– Det vart i dette høvet gitt mellombels dispensasjon frå karantenereglane frå smittevernlegen på Stranda, fordi matbutikkar og matforsyninga er definert som ein samfunnskritisk funksjon, seier ordføraren. Dei tilsette ved butikken sit no i karantene, og nytt mannskap har tatt over for å sikre vidare drift av butikken.

Den samfunnskritiske rolla til forsynings- og matvareindustrien gjer at kommunen og industrien sjølv held på å jobbe fram løysingar for barnepass.

– Det er utfordrande med omsyn til faren for smittespreiing å ha mange barn samla på same plass, og det var òg difor barnehagar og skular vart stengde ned, seier ordføraren.

– Kommunen vil strekke seg langt for å få på plass ei løysing for tilsette i næringsmiddelindustrien som treng barnepass, men det skjer sjølvsagt i tråd med tilrådingane frå sentrale helsemyndigheiter og i samråd med smittevernlegen, seier han.

Helsedirektøren gjekk fredag ut og fråråda folk mot å dra på hytta.

– Det vart gjort ei teljing av mobiltelefonar i hyttefeltområda i kommunen laurdag, og det tyda på at det var mellom 1000–1500 personar i området. Søndag ettermiddag var det igjen berre eit fåtal, og fleire av dei var busett i kommunen, seier Tryggestad.

Tryggestad er klar på at det for næringslivet i Stranda kommune er statlege grep som er naudsynte, og krisepakken som Stortinget la fram måndag vil vere ei hjelp.

– Mellom anna vil dei som er permitterte vere sikra løn i tjue dagar. Mange har vore uroa for dette. Om denne situasjonen blir langvarig, så kjem vi i ein heilt annan situasjon. Men dette er noko vil føl tett. Kommunane har òg betydelege utgifter som ein følge av situasjonen, seier Tryggestad.