Kyrkja tilrår at konfirmasjonane i vår blir utsette

Kyrkja ber forsamlingane om å utsetje konfirmasjonane i vår til etter sommarferien som følgje av koronakrisa. – Forsamlingane lokalt må informere om endringar i konfirmasjonsundervisninga og setje ein førebels dato for konfirmasjon på hausten, opplyser konstituert preses i Bispemøtet Atle Sommerfeldt og direktør i Kyrkjerådet Ingrid Vad Nilsen. Sånn det ser ut no, må påskegudstenestene truleg føregå over nett, TV og radio, blir det opplyste vidare. Vigslar kan framleis finne stad, men det er avhengig av dei gjeldande smittevernreglane.

Liabygda kyrkje : Tre konfirmantar i Liabygda kyrkje 30. mai klokka 11.  Foto: Renate Furre Henriksen-Sandvær

Nyhende