Meieribygget frå 1922 vert sett tilbake til gamal stand

Pussar opp fasaden

Bygget ved Hellesyltfossen som fungerte som meieri fram til 1995 blir no sett tilbake til meir historisk riktig utsjånad
Nyhende

Flakk Eigedom står for restaureringa av det gamle industribygget. Utvendig er arbeidarar i gang med å fjerne metallplater og eldre bordkledning kjem til syne.

– Vi skal skifte ut vindauge, tak og bordkledning, seier dagleg leiar i Flakk eigedom, John Egil Giørtz Jacobsen.

Tilbake til slik det såg ut

– Arbeidet med bygget inneber at muren blir pussa, bordkledninga blir skifta og stålplatene på taket blir erstatta med skiferheller, forklarer Giørtz Jacobsen.

Sjølv om vindauga blir nye blir dei sett tilbake til slik dei såg ut frå starten av.

Devoldutsal

Foreløpig er der ingen planar for bruk av bygget utanom at det blir Devold-utsal slik det har vore dei siste 15 åra.

Grand Hotell

På andre sida av vegen står Grand Hotell som har stått sidan tidleg på 1900-talet. Bygget består av Grand Hotell og Tryggestad Hotell i tillegg til ulike påbygg, mellom anna frå 1937 då ei tredje høgd vart bygt på.

Flakk Eigedom ønsker å rydde opp i den austlege fasaden, mot elv/fjord. Dei ønsker å fjerne påbygget i midten for å fullføre symmetrien.

– Vi vil stramme opp fasaden og gi den eit reinare uttrykk, fortel Giørtz Jacobsen.

Fasaden skal førast opp i tradisjonell stil tilpassa det opphavlege bygget. Vindauge og dører som settast inn skal likne dei to andre fløyene.

Kva som blir bruken av hotellet er foreløpig ikkje klart, men Giørtz Jacobsen seier at Flakk Gruppen ønsker at bygget blir teken i bruk.

Teikningane viser trapp ned til terrasse på to nivå som også koplar saman terrassen med eksisterande veranda.