Ønskar skilting

Kommunen ønsker skilting til Storfjord kulturhus og Stranda folkebibliotek

  Foto: Arkivfoto

Nyhende

Slik det er i dag er det ingen vegskilting til nokon av verksemdene som begge er samla i same bygg.

I søknaden frå Stranda kommune til Statens vegvesen peikar einingsleiar kultur og fritid, Elisabeth Opsvik, på manglande skilting til bygget. Utvendig er bygget ikkje merka med namn. Ein må difor vere lokalkjend for å kjenne til at biblioteket held til i kulturhuset. Det aktive kulturhuset har mange arrangement som trekk til seg besøkande både frå kringliggande kommunar. Der er også møteaktivitet med deltakarar både frå inn- og utland.

Kommunen søker om skilting i krysset mellom Storgata og Øyna.