Tilråding frå Fylkesmannen

- Gjer likelydande vedtak

Fylkesmann Rigmor Brøste. Arkivfoto  Foto: Johan Behrentz

Nyhende

Fylkesmannen oppmodar alle kommunane i Møre og Romsdal om å gjere likelydande vedtak for å avgrense koronasmitte til fylket. 18 av 26 kommunar hadde fram til 19. mars gjort karantenevedtak etter smittevernlova.

Karantenevedtaka som er gjort varierer frå kommune til kommune – til dømes har Sykkylven og Stranda ulike reglar for karantene. Dette vil Fylkesmannen ha slutt på, står det å lese i pressemelding sendt ut fredag kveld.

Fylkesmannen tilrår at kommunane gjer likelydande vedtak for sju dagar framover:

– Heimekarantene på to veker for personar som kjem frå Oslo, Vestfold og Telemark, Viken, Innlandet, Agder, Rogaland og Vestland fylke.

– Ein må i vedtaket sikre at personar og transport som er naudsynte for å sikre forsvarleg drift av samfunnskritiske funksjonar er unnateke krav om karantene.

– Førar og naudsynt personell for vare- og passasjertransport er unntatt krav om karantene

– Vedtaka må sikre at innbyggarar i Møre og Romsdal kan bevege seg mellom kommunane i fylket, og andre fylke som ikkje er nemnt i heimekarantene-reglane.

– Kommunane må i vedtaksperioden sette i gang eller intensivere andre førebyggande tiltak.

– Eg vil nytte høve til å takke for den formidable innsatsen som vert lagt ned i kommunane, blant beredskapsaktørane, og den einskilde innbyggar i denne vanskelege tida vi no er inne i. Her vil eg særleg nemne helsepersonell som opplev ei særdeles krevjande tid no, seier Fylkesmann Rigmor Brøste.