Framleis nok å gjere

- Vi opplev større etterspurnad

Etterspurnaden har endra seg for kjøtvarebedriften Ole Ringdal på Hellesylt som framleis har godt med arbeid

Auke til butikk: Kjøtvareprodusenten Ole Ringdal merkar auka etterspurnad frå butikkane.  Foto: Johan Behrentz

Nyhende

Ei veke har gått sidan Noreg gjekk i koronadvale. Dei aller fleste nordmenn og bedrifter har fått merke at dagleglivet har endra seg. Dagleg leiar hjå Ole Ringdal AS, Ole Arnstein Ringdal, seier at bedrifta har godt med arbeid sjølv om etterspurnaden frå hotell- og restaurantbransjen har stilna av grunna koronaviruset.