Koronaviruset

Nye karantenereglar i Stranda kommune

Ar­kiv­fo­to  Foto: Vidar Eliassen

Nyhende

Kommuneoverlege Arne Gotteberg har gjort vedtak i samråd med tilrådinga til Fylkesmannen om likelydande karantenereglar i alle kommunane i Møre og Romsdal, som kom fredag ettermiddag.

Frå dags dato gjeld følgande i Stranda kommune:

Alle som kjem frå Oslo, Agder, Rogaland, Viken, Vestfold og Telemark, Innlandet og Vestland blir ilagd heimekarantene 14 dagar etter framkomst i kommunen.

Personar som er tilreisande frå desse fylka og ikkje har bustad i kommunen, vert forbode å opphalde seg i kommunen.

Personar som utviklar sjukdom eller symptom i karantenetida, må til ein kvar tid følge myndigheitene sine føringar for konvertering av karantene til isolasjon.

Vedtaket gjeld frå og med dags dato fram til 27. mars.

Det blir gitt nokre unntak frå desse reglane:

– Transittopphald på flyplass i fylka som er omtalt, blir ikkje rekna som opphald i området.

– Opphald på plattform/sokkel i dei omtalte fylka vert ikkje rekna som opphald i området.

– Førar og personell på vare- og passjertransport blir unntatt frå karantenekrava.

– Leiing av verksemder som er samfunnskritiske blir unntatt frå karantenekrava.

– Det blir tillate hotellovernatting for personar som ikkje har bustad i kommunen. Om du ikkje er transportør, sysselsett på plattform/sokkel eller er del av samfunnskritiske verksemder er du omfatta av karantenereglane.

Det er tillate å reise ut av kommunen. Busette i Stranda kommune kan òg fritt reise mellom kommunar i fylket, og mellom fylke som ikkje er omtalt i karantenereglane. For Stranda sin del, blir det altså Trøndelag og dei tre nordlegaste fylka.