Renovasjon av Sunnylven skule

Midlertidig skule fyrste steg

Sunnylven skule vart teken i bruk i 1973. Etter fleire år med prosjektering nærmar det seg rehabilitering av skulen

Peer Gynt galleriet er eit alternativ for midlertidig Sunnylven skule. Arkivfoto 

Nyhende

Det er HT Bygg Hellesylt som er tildelt anbodet for prosjektet og kontraktsummen er på nær 59 millionar kroner. Framdriftsplanen er klar frå entreprenør. Tilsette og elevar treng ein stad å vere i anleggsperioden og oppstart av bygging av midlertidig skule er difor fyrste steg.