Sigurd Drege

Rar kjensle på kulturhuset

- Eg håpar at publikum blir svoltne på levande kultur når denne situasjonen er over. Men no er det tøffe tak.

Sigurd Drege er einaste tilsette på jobb i Storfjord Kulturhus. Det er ei rar kjensle å vere i huset utan den aktiviteten som er der til vanleg.  Foto: Johan Behrentz

Nyhende

Det seier leiaren for Storfjord Kulturhus, Sigurd Drege. Han er den einaste tilsette som går på arbeid i kulturhuset etter at både biblioteket, kulturskulen og kinoen er stengt. Alle tilsette, bortsett frå han sjølv, er permitterte på grunn av faren for smitte av koronaviruset.