Sunnylven skule skal rehabiliterast

Elevar og lærarar har venta sidan 2011

Formannskapet tilrår å sette av 63 millionar kroner til rehabilitering av Sunnylven skule.

rehabilitering: Sunnylven skule har i fleire år slite med lekkasjar i skulebygget, og treng sterkt rehabilitering. Formannskapet ønsker å setje av 63 millionar kroner til rehabilitering, men ønsker nærmare utgreiing om alternativ til mellombels skule. arkivfoto 

Nyhende

I saksutgreiinga til formannskapet var det foreslått å bruke Hæggstad gard som mellombels skule. Dette området er omfatta av faresona for skred, og det må då avbøtande tiltak i form av rasvoll før ein kan nytte bygget til mellombels skule.