Legekontoret endrar rutinene

Influensasesongen er i gong  Foto: Illustrasjonfoto: Colourbox

Nyhende

Kommunelege Arne Gotteberg fortel i ei pressemelding at Stranda legekontor frå i dag torsdag endrar rutinane ved legesenteret.

Alle blir no bedne om å ringe først, og ikkje møte utan avtale.

– Legane og anna personell har delt seg i team, dermed vil du ikkje alltid treffe fastlegen din – men vi prøver å sikre kontinuiteten så langt som mogleg, seier han.

– Vent ute ved døra til du blir henta av ein medarbeidar på legekontoret. Vi vil unngå for mange pasientar på venterom og fellesområde samtidig, understrekar Gottenberg.

Det er no oppretta eiget mottak for pasientar med luftvegssymptom, feber og hovudverk ved kommunehuset.

Kommunen har oppretta ein eiget telefonnummer for koronaspørsmål, på telefonnummer 464 11 047.