Aursnes - Magerholm

B-ferja går ut frå måndag

  Foto: Privat

Nyhende

Koronasituasjonen gjer at trafikken på ferjene har gått ned med nesten 60 prosent på dei fleste sambanda.

No blir fire ferjer tatt ut av rute frå måndagen av.

B-ferja på Aursnes - Magerholm er ei av ferjene som mellombels blir tatt ut av produskjonen. Alle avgangane til B-ferja på sambandet blir dermed innstilt.

–Fylkeskommunen er heilt avhengig av inntekter for å oppretthalde buss-, hurtigbåt- og fejetilbodet. I ein normal månad har vi om lag 65 millionar kronar i inntekter. Slik situasjonen er no, har vi eit inntektstap på meir enn 60 millionar kronar i månaden. Dette betyr at vi det kan bli nødvendig med ytterlegare tilpassingar av kollektivtilbodet i fylket, dersom denne situasjonen varar, seier Jesper Wiig, seksjonsleiar drift i Fram.