No kan du søkje forskott på dagpengar

Nyhende

NAV Møre og Romsdal fortel i ei pressemelding måndag ettermiddag at det frå i dag er mogleg å søkje forskott på dagpengar.

- Pengane kan utbetalast før påske. Vi veit at mange er i ein svært krevjande og usikker situasjon. I påvente av at søknad om dagpengar blir handsama, lanserar vi i dag ei forskottsordning på dagpengar. Ordninga gjeld både dei som er permitterte og dei som er arbeidsledige, seier direktør Stein A. Vedland i NAV.

For å få forskott på dagpengar må du først ha registrert søknad om dagpengar, for så å søkje om forskott. Ein søkjer om forskott på NAV sine nettsidar. Forskottet vil ifølge NAV vere litt mindre enn det er venta at ein får i dagpengar, for dei fleste rundt 60 prosent av tidlegare løn.

Alle som søkjer seinast fredag 3. april, vil få si utbetaling innan onsdag 8. april - dagen før skjærtorsdag.