Stranda innfører campingforbod

Nyhende

Stranda kommune innfører campingforbod. Sykkylven kommune har gjort eit tilsvarande tiltak og Fjord kommune gjer det same vedtaket.

Personar som ikkje er fast busette i Stranda kommune vil få forbod mot å overnatte på kommunal grunn, campingplass, bubilcamping, spikartelt, andre område med oppstilling av campingvogner, gjestehamn eller anna verksemd som driv hytte- og leiligheitsutleige i Stranda kommune.

Strengt naudsynt vedlikehald eller tilsyn som er naudsynt for å avverge skade på materiell er tillate.

Forskrifta gjeld fram til 13. april.

Forskrifta vart orientert om i formannskapet måndag. Formannskapet vedtok forskrifta samrøystes med bruk av hasteparagrafen (paragraf 11, punkt 8 i kommuneloven red. anm) som kommunestyre.

Det vart samtidig orientert om frå beredskapsleiinga i Stranda kommune at 11 personar er testa for korona, per måndag ettermiddag er ingen stadfesta smitta i Stranda kommune.

Forbodet mot å opphalde seg på hytter og fritidsbustader for personar ikkje busett i hyttekommunen blir vidareført nasjonalt fram til 13. april, og dette inkluderer Stranda kommune.

Stranda, Sykkylven og Fjord kommunar opphevar samtidig karantene-påbodet som vart innført for personar som kom frå Oslo, Agder, Rogaland, Viken, Vestfold og Telemark, Innlandet og Vestland.

Påbodet om 14 dagar karantene ved tilbakekomst til kommunen frå desse fylka gjeld ut måndag. Frå tysdag gjeld reglane som regjeringa har tilrådd kommunane å følge.