Kjøtvareprodusent skal satse på turisme

Aprilspøken 2020: Ventar på å kome i gang

Ole Ringdal AS på Hellesylt satsar på nye marknader

Avdelingsleiar spekemat, Vidar Even Leite (t.v) og dagleg leiar for Ole Ringdal AS, Ole Arnstein Ringdal ser fram til spekematproduksjon på cruisekaia på Hellesylt.  Foto: Eivind Louis Helset

I framtida vil turistane som går i land frå cruiseskip få eit innblikk i lokal spekemattradisjon. Arkivfoto 

Nyhende

Det meste er på plass for samarbeidet mellom Stranda hamnevesen og Ole Ringdal AS på Hellesylt. Samarbeidet skal legge dekke der det manglar på cruisekaia på Hellesylt. Kostnadane skal delast mellom dei to partane. Millionprosjektet er foreløpig sett på vent grunna utbrotet av koronapandemien.

– Vi stod klare og hadde gledd oss til å kome i gang med vår turistsatsing, seier dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal.

Det skal byggast eit nytt servicesenter på kaia som skal romme mellom anna turistinformasjon og utsal for spekemat.

Det er den indre delen av cruisekaia på Hellesylt som skal nyttast til servicebygg. Spekematprodusenten Ole Ringdal ligg midt i bildet. Arkivfoto  Foto: Eivind Louis Helset

Stolt tradisjon

Ole Ringdal AS er ein stor aktør i spekematmarknaden og produserer årleg fleire hundre tonn med pinnekjøt, fenalår og spekeskinker.

Dei aller fyrste åra i bedrifta si historie tørka dei pinnekjøt og fenalår på veggane på Ringdalen, og denne tradisjonen ser dei no føre seg å vidareføre. Inspirasjonen kom frå noko uventa hold. Det var teikningane av det planlagde hotellet på Hellesylt som tende idéen.

– Prosjektet har kverna i hovudet sidan eg såg hotellteikningane frå Flakk, fortel Ringdal.

I etterkant har han vore på Ona, som var Noregs sørlegaste fiskevær der han saman med andre frå bedrifta studerte fiskehjell på øya. Desse vart nytta til å tørke små brosmer, fiskehaud og torskeryggar.

Fiskehjell blir også kalla fiskehesje. Alt dette, historia frå Ringdalen, hotellteikningane og sumrane på Ringdalen med hesjing, kverna han saman til ein ide.

Samla ekspertise

Saman med arkitekt og fagfolk innan spekemat har dei tatt fram Jens Eriksen sin trekanta seihesje frå 1912 og utvikla den.

Trekanthesjen gjorde det mogleg å tørke fisk også om sumaren, og det er det som er satsingsprosjektet frå spekematprodusenten på Hellesylt.

Kulturhistorie

Spekeskinker, fenalår og pinnekjøt skal tørkast ute. Turistane får sjå prosessen frå salting til oppheng på film i det nye servicesenteret. Dei mest ivrige turistane får også bli med å henge opp spekemat til tørking.

– Dette er kulturhistorie som vi tenkjer vil gi eit fint tilskot til turismen her i kommunen, seier Ole Arnstein Ringdal oppglødd.

Hamnesjef Rita Berstad Maraak ser veldig positivt på den nye satsinga på Hellesylt og synest det er leit at prosjektet foreløpig er sett på vent.

No skal Ole Ringdal saman med arkitekt og utviklar gå saman igjen for å få dei siste detaljane på plass.

– Håpet er at vi er i gang å legge fundamenta på cruisekaia i løpet av hausten, seier Ole Arnstein Ringdal

Positivt

Også ordførar i Stranda kommune, Jan Ove Tryggestad, ser særs positivt på denne satsinga.

– Som sjølverklært skinkehovudstad, og ei kommune som satsar både på næringsmiddelindustri og turisme er dette midt i blinken, seier Tryggestad.

Sunnmøringen takkar Ole Arnstein Ringdal med fleire for å ha stilt sporty opp på Sunnmøringen sin aprilspøk 2020. Ein gong i året må vi ha spas med våre lesarar - og den datoen er i dag: 1. april!