Gapahuk, skogsbu eller viltmålsbane

Støttar små prosjekt

Statskog trur at friluftsliv blir meir og meir framtredande i våre liv.

Vesterålen padleklubb fekk fem tusen kroner fra Statskog til kjøp av telt. Moglegheitane for støtte er mange. Illustrasjonsfoto 

Nyhende

Årleg deler dei ut Statskogmillionen. Ein million kroner til formål og aktivitetar som fremmar friluftsliv, folkehelse og bruk av norsk natur i bygd og by. Frivillige organisasjonar landet rundt kan søke på ordninga, og søknadsvindauget er opent i april.

På statsskog sine sider kan frivillige organisasjonar søke om støtte, anten 5.000 eller 10.000 kroner.

– Små prosjekt trenger ofte små bidrag for å bli realisert. Dermed fell dei ofte utanfor dei store ordningane. Med nokre tusen kroner og dugnadsånd kjem det veldig mykje ut av dette, skriv Statskog i ei pressemelding.

Eksempel på tiltak som tidlegare har teke imot stønad er; restaurering av skogsbu, oppgradering av leirplass, elevar på skogdag, merking av stølsvegar og friluftsliv for flyktningar.

Moglegheitene er talrike, natur og friluftsliv er så mangt heiter det frå Statskog.