FV63 Indreeide - Geiranger

Vegen stenger klokka 13

Nyhende

Fylkesveg 63 mellom Eidsdal og Geiranger blir stengd frå i dag torsdag, klokka 13. Dette grunna skredfare. Det blir sett inn rasferje mellom Geiranger og Hellesylt.

- Vi ventar store mengder snø, og mykje vind. Det gir stor skredfare. For å sikre tryggleiken til trafikantane og dei som arbeider på vegen stenger vi vegen, seier byggeleiar Kåre Berge i Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.

Rasferja har første avgang i dag frå Hellesylt kl. 1630 med retur frå Geiranger 1730.

Ferja følger rasruta fram til vegen opnar igjen. Det blir gjort ny vurdering om opning av vegen laurdag morgon.