Hurtigruten forlengjer driftsstansen

Hurtigruten forlengjer den mellombelse driftsstansen sin i seks nye veker som følgje av koronakrisa. – Reiselivsnæringa i Noreg er tilnærma død. Nye bestillingar for 2021 og 2022 har stoppa heilt opp, seier konsernsjef Daniel Skjeldam. Han viser både til Hurtigruten og selskap dei samarbeider med. – Inntektene er rivne bort, seier han. Selskapet har redusert verksemda til eit minimum, noko som blir forlengt til mai. Hurtigruten har permittert nær 3.000 tilsette. I rutetrafikken mellom Bergen og Kirkenes blir ni av elleve skip ute av drift til i alle fall 20. mai, ekspedisjonscruisa stansar verksemda til og med 12. mai, medan oppstarten av sesongen i Alaska blir utsett til juli. Hurtigruten held fram lokaltrafikk i ei spesialtilpassa rute mellom Bodø og Kirkenes for å ta vare på viktig gods- og persontrafikk mellom hamner i Nord-Noreg, noko som skjer i samråd med Samferdselsdepartementet.
Nyhende