Banken sponsar nettbrett i kommunen

– Nettbretta er på veg

– Vi ventar inn nettbretta denne veka. Vi har hatt nokre utfordringar med at det meste har vore utseld, seier IT-leiar i Stranda kommune Gunnar Fivelstad.

DIGITALE LØYSINGAR: Omsorgssentrale og omsorgsbustadene i kommunen vil få nye nettbrett for å kommunisere med sine kjære digitalt. Omsorgssentera i kommunen er stengde for ordinært besøk av omsyn til smittevern. arkivfoto 

Nyhende

Som Sunnmøringen skreiv om før påske, går Sparebanken Møre inn og sponsar innkjøp av inntil ti nettbrett til omsorgsbustadene i dei kommunane der dei har kontor.