NSM åtvarar mot spreiing av falske nyheiter

Oslo 20200415. Justis og beredskapsminister Monica Mæland (H) under den daglige pressebriefen i forbindelse med korona-siyuasjonen i Norge. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix  Foto: Terje Pedersen

Nyhende

Å spreie falske nyheiter om koronaviruset på sosiale medium kan vere ein fare for det norske demokratiet. Det meiner Nasjonalt tryggingsorgan (NSM).

I den nye risikorapporten sin for 2020 peikar NSM på at å spreie desinformasjon kan bidra til å destabilisere Noreg i den sårbare situasjonen landet no er i.

– Ikkje tru på alt som blir delt i sosiale medium om covid-19-pandemien, og tenk deg om før du spreier informasjon som ikkje er stadfesta, vidare, seier justisminister Monica Mæland (H) til NRK.

Mæland meiner at koronapandemien kan bli utnytta av såkalla påverknadsoperasjonar som har som mål å undergrave tilliten til styresmaktene, skape sterke motsetningar i folket og prøve å påverke nasjonale eller internasjonale avgjerder.