I år blir det digital registrering

Ta turen i friluft

Rundt om i alle bygdelaga har trimpostar med tilhøyrande trimbøker i alle år lokka folk ut. Sesongen i år blir lik, men også annleis.

Roaldshornet: Stranda IL sine fjelltrimturar skal i år registrerast digitalt. Arkivfoto  Foto: Renate Furre Henriksen-Sandvær

Nyhende

Smittevernlegen i Stranda kommune har bestemt at registreringsbøkene på trimpostane skal takast inn for å minke smittefaren av koronaviruset. I tillegg til dei lokale trimpostane gjeld dette også alle StikkUt-postane både i kommunen og fylket.