Neste helg startar tursesongen offisielt

To nye Stikk ut-turar på Stranda

familietur: Turen frå Vollset til Stegeholen på Flofjellturen er ein tur for heile familien - her går stor og tydeleg sti, som du kan gå med barnevogn og bruke sykkel på. Turen går heilt ned til Flo, men turkassen heng omtrent halvvegs på turen.  Foto: Renate Furre Henriksen-Sandvær

Nyhende

Tursesongen på Sunnmøre startar offisielt neste fredag, då byrjar Stikk ut-sesongen i regi av Sunnmøre Friluftsråd.

Stranda kommune er saman med Fjord og Sykkylven blant medlemskommunane.

Stranda kommune har i år to nye turmål: Lomsplassen (grøn) i Stranda tettstad og Skaret (blå) i Sunnylven.

Turmåla er markert etter vanskegrad. Grøn er ein lett tur, blå er litt meir krevjande, raud treng du god kondisjon og røynsle for – og svart blir rekna for "eksperttur". Stranda kommune har ein svart tur, den er til Vinsåshornet i Geiranger.

Koronatiltak

Koronasituasjonen i Noreg er framleis uavklart, noko som òg gir konsekvensar for ulike turmål. Idrettslaga i Stranda kommune har gått ut med oppmoding om å ikkje bruke turbøker, og vil òg ta desse inn i løpet av sesongen.

Det blir heller ikkje turbøker på Stikk ut-turane i år. Stikk ut-koden blir sett utanpå postkassen for å avgrense smittefare.

Samtidig er toppliste-ordninga endra, slik at det i år ikkje er talet på ulike turar som gir best plassering – det er talet på registrerte turar som gir best plassering.

– Å gå same turen fleire gonger tel meir enn å ta mange ulike turar. Med dette vil vi oppmode til nærturar og å redusere reising, skriv Sunnmøre friluftsråd i ei pressemelding.

Turmål på Stranda

Buvassbakken/catwalken på Strandafjellet – grøn tur/trilletur

Lomsplassen (ny) – grøn tur

Kurlå – grøn tur

Liasætra – grøn tur

Ljøbrekka – blå tur

Flofjellsvegen/Stegeholen – blå tur

Overåsætra – blå tur

Møllsvatnet – blå tur

Langevatnet – blå tur

Ansokhornet – raud tur

Svartvatnet til Roaldshornet – raud tur

Vinsåshornet – svart tur


Turmål i Fjord

Bakkegjerdet frå Eidsdal skule

Bedringens veg i Valldal

Botnastølen

Dyrdalstinden

Elvaforbygninga

Gamlevegen frå Alstad til Grønning

Grigås natursti

Heimsætra frå Valldal stadion

Hovsnakken

Illstigvatnet i Storkaldhusdalen

Kilstiheia i Eidsdal

Kjellsura i Dale

Kokarsteinen

Løsetnakken

Middagshesten frå Rellingsetra

Moloen

Mosætra

Olavsvegen i Syltemoa

Skusetsætra i Eisdal

Solbakken frå nedre Fjørå

Stamneset

Storsvingen i Tafjord

Storvasshytta

StoråsnakkeN, Littleåsskagen-Storås, Norddal

Svartevatnet

Trollkyrkjebotn frå Heggen

Turrnausa

Veibergsetra frå Løvoll

Vikahornet

Yttlinakkane frå Hauge

Øyna rundt (trillevennleg)

Turmål i Sykkylven

Aurenakken frå Vikedalen

Borgundkollen

Fausateighornet

Gimsdalstinden, Vikedalen

Gullmorvatnet, Brunstad

Hovdeåsen i Hundeidvik

Koppen i Velledalen

Langfjella

Lillesanden brygge

Sandvikshornet frå Hjellane

Stavekollen, Ikornes

Sunndalen

Sæssvatna, Ikornes

Vellesætra, Brunstad

Ørsnesoddane, Aursnes