Mange reagerer på nullutslepp-utsetting i verdsarvfjordane

Ar­kiv­fo­to: Her be­sø­ker Co­lor Fac­to­ry Geir­an­ger.  Foto: Vidar Eliassen

Nyhende

Sjøfartsdirektoratet vil at fristen for nullutslepp i verdsarvfjordane blir utsett frå 2026 til 2030. Det skapar negative reaksjonar, både i næringa og blant miljøorganisasjonar.

– Det er heilt feil. Vi er svært overraska over ein slik bastant konklusjon. Vi kan levere innan 2026, seier Bjørn Sundland, prosjektleiar for eit konsortium som har fått midlar til produksjon og distribusjon av hydrogen for nullutsleppsskip, til Teknisk Ukeblad (TU).

Det er i eit brev til Klima- og miljødepartementet at Sjøfartsdirektoratet argumenterer med at vedtaket om nullutslepp i verdsarvfjordane må utsettast til 2030. Dei meiner teknologien ikkje vil vere moden til 2026.

Dagleg leiar Hege Økland i NCE Maritime Cleantech reagerer og på argumentasjonen til direktoratet.

– No har staten bidratt til å løyse floka ved blant anna å investere i to Pilot E-prosjekt som kan bidra til både drivstoff og infrastruktur. Stortingsvedtaket har sett fart i teknologiutviklinga. Forskingsrådet, Innovasjon Noreg og Enova støttar opp. Då blir det heilt feil å skulle trekke seg frå 2026-avgjerda. Dei riv matta under alt som blir gjort, seier Økland til TU.

Miljøstiftinga Zero er òg blant dei som meiner Sjøfartsdirektoratet er på ville vegar.

– Dei har tydelegvis skjønt lite av kva som driv teknologiutvikling og implementering av nullutslepp og klimaløysingar i maritim sektor, seier teknologiansvarleg Marius Gjerset i Zero.