Førebur elva til sesongen

Laksen nærmar seg

I midten av juni skal slukar, fluger og mepps igjen lokke laks i Korsbrekkeelva på land. Arbeidet med å klargjere elva er i gang

Laksetrappene i Korsbrekkeelva vart reinska for trerøter og større stein. No er det berre å vente på laksesesongen i juni. Fremst i biletet er Kjetil Kolås, bakerst, leiar i elveeigarlaget, Asbjørn Ekornesvåg.  Foto: Eivind Louis Helset

Nyhende

I går var ein gjeng på plass og reinska dei nedre laksetrappene i elva. Med raker og handkraft vart småstein og singel jamna og store steinar og røter som i løpet av vinteren har festa seg i dei ulike trappetrinna fjerna.