Nedbørsrik april

Våtare enn normalen

April månad var full av nedbør i tillegg til å vere litt varmare enn normalen

Paraply kunne ein trenge i april. Illustrasjonsfoto. 

Nyhende

Nye tal frå Meteorologisk institutt syner ein lunefull april månad. I løpet av månaden kom det i Stranda kommune mellom 250 og 300 prosent av normal nedbørsmengde i april. Åkerneset målestasjon registrerte 213 millimeter nedbør i løpet av april fordelt på 14 døgn med nedbør. Måndag 13. april var den mest nedbørsrike då det falt 56 millimeter i løpet av 24 timar.